Saturday, July 13, 2019

Urørleg ståande i sommarvarme] Comments

Rating: 0.0

Urørleg ståande i sommarvarme
blir mennesket. Som ropte på den andre.
Er vi då verken kalde eller varme
for kva Han måtte tenkje om oss andre?

Vik frå meg, galne minne, ikkje mas!
Alt som er over, størkna og står fast.
Eg summa, stanga vilt mot vindaugsglas
når lindetrea bløma utanfor.

Kven trur du at Han er, kan du forklare?
Og kva er mine tankar, om eg tør?
For den som tek på seg å finne svaret,
får leve. Under vekta av si bør.
...
Read full text

JUHAN VIIDING
COMMENTS
Close
Error Success