Ønske Poem by JUHAN VIIDING

Ønske

Styrke til verket - eit eldgammalt ønske
Styrke til verket - eit velhamra ønske
I dette ønsket ligg djup, sanning, tru
Ønsk det med flid i kvar handverkarbu

Styrke kjem godt med - eit eldgammalt svar
Styrke kjem godt med - det einaste svar
Det viser til arbeid og slit i balanse
Så lat det få lyde ved kvar ein ny sjanse

Må brødet rekke - eit eldgammalt ønske
Må brødet rekke - eit velhamra ønske
I dette ønsket ligg djup, sanning, vit
Som aldri kan fyllast av: god apetitt

Må brødet rekke - eit allgyldig ønske
Nok brød kjem godt med - eit eldgammalt svar
Nok brød kjem godt med - det einaste svar
Det viser til arbeid og løn i balanse
Så lat det få lyde ved kvar ein ny sjanse

COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Close
Error Success